Return to  the startingpoint of www.kalleklev.no
 

Unge Andersens jazz
Sjølv var Arild Andersen ein merittert musikar på 29, men Jon Balke og Pål Thowsen var berre 19.Dei spela på eit av tre sterke syttitalsalbum, som endeleg kjem på CD.

  Unge


Andersens




jazz


Sjølv var Arild Andersen ein merittert musikar på 29, men Jon

Balke og Pål Thowsen var berre 19. Dei spela på eit av tre sterke

syttitalsalbum, som endeleg kjem på CD.

Fjerdemann i det første bandet hans var jamaldringen Knut Riisnæs, saksofonisten som framleis er éin av vår beste, lik resten av dei medverkande både på det første albumet og dei to neste, med finske Juhani Aaltonen på saksofonar og Lars Jansson på piano, stadig med Andersens Lillestrøm-nabo, Pål Thowsen, på trommer. Andersen var regjerande i norsk jazz saman med Jon Christensen, Terje Rypdal og Jan Garbarek, alle i ECM-stallen, og det var etter seks år som Garbareks bassist han var reie til å gå sine eigne vegar. Då hadde han også hatt ein fri jazzperiode i USA, der husværet til Sheila Jordan (som han også spela inn plate med) var ein New York-base der han skreiv musikken til «Clouds In My Head» (1976). Det er det første av dei tre som kjem i den nye samlinga med fellesnamnet «Green In Blue – Early Quartets». «Shimri» og «Green Shadings Into Blue» (1977/1978) er dei to neste av albuma som for mange ville ha gått i gløymeboka, hadde det ikkje vore for ECMs Old and New Master Series, der vi tidlegare har fått utgjevingar som «The Codona Trilogy» (Don Cherry, Nana Vasconcelos, Colin Walcott), «Crystal Silence» med Burton/Corea og «Colours» med Eberhard Weber.

Spontant tykkjer eg best om det første albumet, men det er etter første gjenhøyr med platene frå ein musikar som tidleg også var den store solobassisten i norsk jazz, og som framleis pregar musikken meir enn nokon med basspelet sitt. Det er framleis noko doggfriskt over musikken som vart skapt, før Andersen og Christensen starta Masqualero, kanskje det beste norske jazzbandet nokosinne. Til biletet høyrer også den karakteristiske sneipen i munnvika til unge Andersen, eit teikn på at han hadde fått fot. Men jazzen overlevde røykjelova.


skrevet av Roald Helgheim

Georgernes Verft 12 - 5011 Bergen
Tel: 5555 7630 - Fax: 5555 7631
kjell@kalleklev.no - ronny@kalleklev.no - roger@kalleklev.no

Click to visit dunder.no